8. Året etter at dei var komne fram til Guds hus i Jerusalem, i den andre månaden, gjekk dei til verket, både Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, og alle frendane deira, prestane og levittane, og dei andre som var komne til Jerusalem or fangenskapet. Dei sette alle levittar som var tjue år eller meir til å ha tilsyn med arbeidet på Herrens hus.
9. Josva og sønene og frendane hans, Kadmiel og sønene hans og Hodavja steig fram alle som ein og leidde arbeidet på Guds hus. Det same gjorde etterkomarane etter Henadad med sønene og frendane sine; dei òg var levittar.
10. Då bygningsmennene hadde lagt grunnvollen til Herrens tempel, stelte prestane seg opp i fullt skrud med trompetar og levittane av Asaf-ætta med cymblar. Dei skulle prisa Herren, så som David, Israels-kongen, hadde føreskrive.
11. Dei lova og prisa Herren fordi han er god, og hans miskunn mot Israel varer til evig tid. Då sette heile folket i med høge glederop og lova Herren fordi grunnvollen til Herrens hus var lagd.
12. Men mange av prestane, levittane og ættehovdingane som var så gamle at dei hadde sett det førre templet, gret høgt då dei såg det templet som no vart grunnlagt. Men dei andre jubla og ropa av glede.
13. Ein kunne ikkje skilja dei glade jubelropa frå gråten. Folket jubla så høgt at det høyrdest langan lei.