7. Dei gav pengar til steinhoggarane og tømmermennene. Til mennene frå Sidon og Tyrus sende dei mat, drikke og olje, så dei skulle føra sedertre ned frå Libanon og sidan sjøvegen til Jaffa, etter det løyvet persarkongen Kyros hadde gjeve.
8. Året etter at dei var komne fram til Guds hus i Jerusalem, i den andre månaden, gjekk dei til verket, både Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, og alle frendane deira, prestane og levittane, og dei andre som var komne til Jerusalem or fangenskapet. Dei sette alle levittar som var tjue år eller meir til å ha tilsyn med arbeidet på Herrens hus.
9. Josva og sønene og frendane hans, Kadmiel og sønene hans og Hodavja steig fram alle som ein og leidde arbeidet på Guds hus. Det same gjorde etterkomarane etter Henadad med sønene og frendane sine; dei òg var levittar.