1. Då den sjuande månaden kom, og israelittane budde i byane sine, samla dei seg alle som ein i Jerusalem.
2. Josva, son til Josadak, og brørne hans, prestane, og Serubabel, son til Sjealtiel, og brørne hans tok til å byggja opp att altaret åt Israels Gud. På det skulle dei ofra brennoffer, så som det er føreskrive i lova åt Moses, gudsmannen.
3. Dei var gripne av redsle for folket i landet, men reiste likevel altaret der det før hadde stått; og dei bar fram brennoffer for Herren både morgon og kveld.
4. Så heldt dei lauvhyttehelga, så som føreskrive er, og ofra kvar dag dei brennoffer som lova krev.
5. Sidan bar dei fram dei daglege brennoffera og offera for nymånedagane og alle Herrens høgtider, og like eins alle friviljuge offer som einkvan kom til Herren med.