Esra 2:62-68 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

62. Dei leita etter namna sine i ættelistene, men fann dei ikkje. Difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestetenesta.

63. Statthaldaren forbaud dei å eta av den høgheilage maten til det stod fram ein prest som kunne bruka urim og tummim.

64. Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360,

65. forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. I tillegg kom 200 songarar og songarinner.

66. Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,

67. 435 kamelar og 6 720 esel.

68. Då dei kom fram til templet i Jerusalem, hadde nokre ættehovdingar med seg friviljuge gåver til Guds hus, så det kunne byggjast opp att der det før hadde stått.

Esra 2