57. Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Ami.
58. Tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar var i alt 392.
59. Dette er dei som kom heim att frå Tel-Melak, Tel-Harsja, Kerub, Addan og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til:
60. Av ættene Delaja, Tobia og Nekoda 652,
61. og av presteættene: Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og fått namn etter dei.
62. Dei leita etter namna sine i ættelistene, men fann dei ikkje. Difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestetenesta.
63. Statthaldaren forbaud dei å eta av den høgheilage maten til det stod fram ein prest som kunne bruka urim og tummim.
64. Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360,
65. forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. I tillegg kom 200 songarar og songarinner.
66. Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,
67. 435 kamelar og 6 720 esel.
68. Då dei kom fram til templet i Jerusalem, hadde nokre ættehovdingar med seg friviljuge gåver til Guds hus, så det kunne byggjast opp att der det før hadde stått.