9. Han svara: «Israels og Judas skuld er umåteleg stor. Landet er fullt av blodskuld, og i byen vert retten stendig krenkt. For dei seier: Herren har fare frå landet; Herren ser ikkje noko.
10. Difor vil heller ikkje eg visa medkjensle eller skånsel. Eg gjev dei att for deira ferd.»
11. Mannen som var kledd i lin og hadde skrivesaker i beltet, kom att og sa frå: «Eg har gjort som du baud meg.»