3. Då lyfte herlegdomen åt Israels Gud seg opp frå kjerubane, som han hadde vore over, og lyfte seg til dørstokken i templet. Herren ropa til mannen som var kledd i lin og hadde skrivesaker i beltet,
4. og han sa til han: «Gå gjennom byen, midt igjennom Jerusalem, og set eit merke i panna på dei mennene som sukkar og jamrar over all den styggedomen som går føre seg der.»
5. Og til dei andre sa han så eg høyrde på: «Gå gjennom byen etter mannen og hogg ned for fote! Vis ikkje medkjensle, og spar ingen!
6. Gamle og unge menn, unge jenter, kvinner og born skal de slå i hel og rydja ut. Men de må ikkje røra nokon av dei som har merke på seg. De skal ta til ved min heilagdom.» Og dei tok til med dei gamle mennene som stod framfor Herrens hus.