Esekiel 8:17-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Då sa han til meg: «Ser du, menneske? Er det ikkje nok at Juda-ætta gjer all denne styggedomen som dei har gjort her? Dei fyller då landet med valdsferd, og såleis vekkjer dei atter min harme. Sjå korleis dei held vinranka opp under nasen på meg.

18. Så vil eg òg gripa inn i harme. Eg vil ikkje visa medkjensle eller skånsel. Om dei ropar aldri så høgt inn i øyro mine, vil eg ikkje høyra på dei.»

Esekiel 8