12. Då sa han til meg: «Menneske, har du sett kva dei eldste i Israel driv med i mørkret, kvar i det romet der han har biletet sitt? Herren ser oss ikkje, seier dei, han har fare bort frå landet.
13. Men endå meir skal du få sjå av all den styggedomen dei driv med,» sa han til meg.
14. Så tok han meg med bortåt inngangen til den porten som fører inn i Herrens hus på nordsida. Der sat kvinnene og gret over Tammus.
15. «Ser du, menneske?» sa han til meg. «Men du skal få sjå meir styggedom som er verre enn denne.»
16. Så førte han meg til den indre føregarden i Herrens hus. Og der, attmed inngangen til Herrens tempel, mellom forhalla og altaret, stod ikring tjuefem menn med ryggen mot Herrens tempel og andletet vendt mot aust. Dei bøygde seg mot aust og tilbad sola.