Esekiel 8:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det sjette året, den femte dagen i den sjette månaden, hende det at Herrens hand kom over meg medan eg sat i huset mitt, og dei eldste mellom jødane sat framfor meg.

2. Då fekk eg sjå ein skapnad som likna ein mann. Nedover frå hoftene såg han ut som eld, og frå hoftene og oppover var det liksom ein glans, som skinande metall å sjå til.

3. Han rette ut eitkvart som likna ei hand, og tok tak i hårluggen min. Ånda lyfte meg opp mellom jord og himmel, og i syner frå Gud tok ho meg med til Jerusalem, til porten i nord som fører inn i den indre tempelgarden. Der stod det eit gudebilete som gjorde Gud brennande harm.

4. Og sjå, der var herlegdomen åt Israels Gud, så som eg hadde sett han i dalen.

Esekiel 8