12. Tida er komen, dagen er nær! Den som kjøper, skal ikkje vera glad, og den som sel, skal ikkje syrgja. For harmen går ut over heile den ståkande hopen i byen.
13. Seljaren får ikkje venda attende til det han har selt, endå om han bergar livet. For spådomen om heile flokken skal ikkje takast att. På grunn av si synd kan ingen tryggja sitt liv.
14. Dei blæs i horn og gjer alt klart; men ingen dreg ut i strid. For harmen min går ut over heile flokken.
15. Ute herjar sverdet, inne rår sjukdom og svolt. Den som er ute på marka, skal døy for sverd, og den som er i byen, han skal sjukdom og svolt tyna.
16. Om nokon slepp unna og kjem seg til fjells, som duer i dalane, skal dei alle døy, kvar for si eiga synd.
17. Alle hender vert slappe, og alle kne vert som vatn.
18. Dei bind syrgjeplagg om seg, dei skjelv over heile kroppen. Alle andlet raudnar av skam, og alle hovud vert raka snaue.
19. Dei kastar sølvet sitt i gatene, og gullet reknar dei for skrap. Korkje sølvet eller gullet bergar dei på Herrens vreidedag. Med det kan dei ikkje stilla sin svolt og ikkje fylla sin mage. Men det har fått dei til å falla i synd.
20. Dei vart stolte av sine staselege smykke, og dei laga seg avskyelege gudebilete av dei. Difor gjer eg alt til skrap for dei.
21. Eg lèt framande hender rana det og dei gudlause på jorda gjera det til hærfang; og dei skal vanæra det.
22. Eg vender andletet bort frå dei. Då skal heilagdomen min verta vanhelga. Røvarar skal bryta seg inn og vanhelga han.
23. Gjer lekkjene ferdige! For landet er fullt av drapssaker, og byen er full av valdsverk.
24. Eg lèt dei verste folkeslag koma og ta husa dykkar i eige. Eg gjer ende på hovmodet åt dei sterke, og heilagdomen deira skal vanærast.
25. Redsla kjem, dei søkjer berging, men finn ikkje det.
26. Ulukke fylgjer på ulukke, rykte på rykte kjem opp. Dei skal prøva å få syner hjå profeten; det vert slutt på rettleiing frå presten og på råd frå dei eldste.