1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2. Du menneske skal seia: Så seier Herren Gud til Israels land: Enden kjem! Enden kjem for landet, heilt til dei ytste grensene.
3. No kjem enden for deg, når eg lèt min vreide gå ut over deg. Eg dømer deg for di ferd og gjev deg att for all din styggedom.
4. Eg vil ikkje ha medkjensle med deg og ikkje spara deg. Du skal få att for di ferd, og styggedomen din skal koma over deg sjølv. Då skal de sanna at eg er Herren.
5. Så seier Herren Gud: Sjå, ulukke fylgjer på ulukke.
6. Enden kjem, ja han kjem. Sjå, enden kjem for deg!
7. No er det din tur, du som bur i landet. Tida er komen, dagen er nær! Redsle og rådløyse rår, og ikkje eit glederop lyder over fjell.
8. No, om ei lita stund, lèt eg harmen min gå ut over deg og fullfører vreidedomen over deg. Eg dømer deg for di ferd og gjev deg att for all din styggedom.
9. Eg vil ikkje ha medkjensle med deg og ikkje spara deg. Du skal få att for di ferd, og styggedomen din skal koma over deg sjølv. Då skal de sanna at det er eg, Herren, som slår.
10. Sjå, dagen er komen! No er turen komen til deg. Riset blømer, skamløysa gror.
11. Valdsferd reiser seg og vert til eit ris for dei gudlause. Det vert ingen ting att av dei, ingen ting av den ståkande hopen og ingen ting av rikdomen deira. Det er ingen herlegdom hjå dei.