1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2. Menneske, vend andletet mot fjella i Israel, tal profetord mot dei
3. og sei: De Israels-fjell, høyr ordet frå Herren Gud! Så seier Herren Gud til fjella og haugane, til bekkene og dalane: Eg sender sverd mot dykk og gjer ende på offerhaugane.
4. Brennofferaltara dykkar skal øydeleggjast og røykjelsesaltara brytast sund. Og dei av dykk som vert drepne, lèt eg falla om framfor avgudane dykkar.
5. Lika av israelittane vil eg leggja framfor gudane dykkar, og beina av dykk vil eg strøya kring altara dykkar.
6. Kvar de så bur, skal byane øydeleggjast og offerhaugane liggja aude. Jamvel altara dykkar skal verta øydelagde og aude og gudebileta knuste og borttekne. Røykjelsesaltara skal hoggast ned, og alt de har laga, slettast ut.