3. Langs Asjers-landet, frå aust til vest, skal Naftali ha éin lut.
4. Langs Naftali-landet, frå aust til vest, skal Manasse ha éin lut.
5. Langs Manasse-landet, frå aust til vest, skal Efraim ha éin lut.
6. Langs Efraims-landet, frå aust til vest, skal Ruben ha éin lut.
7. Langs Rubens-landet, frå aust til vest, skal Juda ha éin lut.
8. Langs Juda-landet, frå aust til vest, skal de skilja ut eit serskilt landområde. Det skal vera tjuefem tusen alner breitt og så langt som kvar av dei andre lutene, frå austsida til vestsida. Og midt i det skal heilagdomen liggja.
9. Det området de vier som heilag gåve til Herren, skal vera tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt.
10. Det heilage området skal høyra desse til: Prestane skal ha eit stykke som er tjuefem tusen alner langt både i nord og sør og ti tusen alner breitt både i vest og aust. Og midt på det skal heilagdomen liggja.
11. Prestane, dei av Sadok-sønene som er vigsla, dei som sytte for tempeltenesta, og som ikkje fór vilt saman med israelittane så som levittane gjorde,
12. dei skal ha sin del av det landet som er vigt til heilag gåve, ein høgheilag del, attmed landet åt levittane.
13. Levittane skal ha eit like stort stykke som prestane, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt. Heile området skal vera tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt.
14. Dei skal ikkje selja eller byta bort noko av dette. Den beste delen av landet må ikkje gå over til andre; for han er heilag for Herren.
15. Det fem tusen alner breie stykket som er att av det tjuefem tusen alner lange området, skal ikkje vera heilagt; byen skal bruka det til bustader og beitemarker. Og midt i det skal byen liggja.
16. Desse måla skal byen ha: nordsida fire tusen fem hundre alner, sørsida fire tusen fem hundre, austsida fire tusen fem hundre og vestsida fire tusen fem hundre.