21. Fyrsten skal ha det som er att på begge sider av det heilage området og det som høyrer byen til. Det skal gå langs det tjuefem tusen alner lange området til grensa i aust og vestover langs det same området til grensa i vest, attmed lutene åt ættene. Det skal høyra fyrsten til. Og midt imellom skal det utskilde området med tempelheilagdomen liggja.
22. Bortsett frå eigedomen åt levittane og eigedomen åt byen, som ligg mellom dei lutene fyrsten får, skal heile området mellom Juda-landet og Benjamins-landet høyra fyrsten til.
23. Så kjem dei andre ættene: Benjamin, frå aust til vest éin lut;
24. langs Benjamins-landet frå aust til vest: Simeon éin lut;
25. langs Simeons-landet frå aust til vest: Jissakar éin lut;
26. langs Jissakars-landet frå aust til vest: Sebulon éin lut,
27. og langs Sebulons-landet frå aust til vest: Gad éin lut.
28. Langs Gads-landet, på sørsida, skal grensa mot sør gå frå Tamar til Meribat-Kadesj og så til Egyptarbekken og Storhavet.