4. Brennofferet som fyrsten ber fram for Herren på sabbatsdagen, skal vera seks lytelause lam og ein lytelaus ver.
5. Og som grødeoffer skal han saman med veren gje ein efa og saman med lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa.
6. På nymånedagen skal han ofra ein lytelaus okse av storfeet, seks lam og ein ver som er utan lyte.
7. Som grødeoffer skal han saman med oksen gje ein efa, saman med veren ein efa og saman med lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa.
8. Når fyrsten kjem, skal han gå inn gjennom forhalla i porten, og same vegen skal han gå ut att.
9. Men når folket i landet stig fram og tilbed Herren på høgtidene, skal dei som kjem inn gjennom nordporten, gå ut gjennom porten i sør, og dei som kjem inn gjennom sørporten, skal gå ut gjennom porten i nord. Dei skal ikkje gå ut att gjennom same porten som dei kom inn gjennom, men gå ut på den andre sida.
10. Fyrsten skal koma inn saman med dei andre og gå ut saman med dei.
11. På festane og høgtidene skal han gje som grødeoffer ein efa saman med oksen, ein efa med veren og det han har for handa saman med lamma, og ein hin olje til kvar efa.
12. Når fyrsten vil bera fram eit friviljug offer for Herren, anten det er brennoffer eller måltidsoffer, skal dei opna for han den porten som vender mot aust. Han skal bera fram brennofferet eller måltidsofferet sitt som han gjer det på sabbatsdagen. Så skal han gå ut, og porten skal stengjast etter han.
13. Kvar dag skal du ofra eit årsgamalt, lytelaust lam som brennoffer til Herren. Kvar morgon skal du ofra det.
14. Attåt det skal du kvar morgon bera fram ein sjettedels efa som grødeoffer og ein tredjedels hin olje til å væta mjølet med. Grødeofferet til Herren er ei fast ordning som alltid skal stå ved lag.
15. Lammet, grødeofferet og oljen skal berast fram kvar morgon; det skal vera eit fast brennoffer.
16. Så seier Herren Gud: Når fyrsten gjev ein av sønene sine ei gåve av det han har arva, skal ho høyra sønene hans til. Dei får henne til odel og eige.