Esekiel 46:17-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Men gjev han ein av tenarane sine ei gåve av arvegodset, skal ho vera hans til frigjevingsåret; då skal fyrsten få henne att. Berre sønene kan halda fast på arven sin for alltid.

18. Fyrsten må ikkje ta odelsjord frå folket, så han driv dei bort frå eigedomen deira. Av det han sjølv eig, skal han gje sønene arv. Folket mitt skal ikkje drivast bort frå eigedomen sin.

19. Så førte han meg gjennom inngangen attmed porten, til dei roma i heilagdomen som er for prestane, og som ligg på nordsida. Og sjå, der var det eit rom lengst mot vest.

20. Han sa til meg: «Dette er den staden der prestane skal koka skuldofferet og syndofferet og baka brød av grødeofferet. Dei skal ikkje bera det ut i den ytre føregarden, for då kunne dei gjera folket heilagt.»

21. Sidan tok han meg med til den ytre føregarden og førte meg ikring til dei fire hjørna av føregarden. Og i kvart hjørne såg eg ein mindre gard.

22. I alle fire hjørna var det slike små gardar, og alle fire var like store. Dei var førti alner lange og tretti alner breie.

23. Det var ein steinmur rundt kvar av dei, og rundt ikring nedmed foten av murane var det bygt eldstader.

24. Han sa til meg: «Dette er dei stadene der tempeltenarane kokar slaktoffera for folket.»

Esekiel 46