Esekiel 46:14-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Attåt det skal du kvar morgon bera fram ein sjettedels efa som grødeoffer og ein tredjedels hin olje til å væta mjølet med. Grødeofferet til Herren er ei fast ordning som alltid skal stå ved lag.

15. Lammet, grødeofferet og oljen skal berast fram kvar morgon; det skal vera eit fast brennoffer.

16. Så seier Herren Gud: Når fyrsten gjev ein av sønene sine ei gåve av det han har arva, skal ho høyra sønene hans til. Dei får henne til odel og eige.

17. Men gjev han ein av tenarane sine ei gåve av arvegodset, skal ho vera hans til frigjevingsåret; då skal fyrsten få henne att. Berre sønene kan halda fast på arven sin for alltid.

18. Fyrsten må ikkje ta odelsjord frå folket, så han driv dei bort frå eigedomen deira. Av det han sjølv eig, skal han gje sønene arv. Folket mitt skal ikkje drivast bort frå eigedomen sin.

19. Så førte han meg gjennom inngangen attmed porten, til dei roma i heilagdomen som er for prestane, og som ligg på nordsida. Og sjå, der var det eit rom lengst mot vest.

Esekiel 46