Esekiel 46:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så seier Herren Gud: Porten til den indre føregarden, den som vender mot aust, skal vera stengd dei seks arbeidsdagane. Men på sabbatsdagen skal han vera open, og like eins på nymånedagen.

2. Då skal fyrsten, når han kjem utanfrå, gå inn gjennom forhalla i porten og stå attmed ein av dørstolpane der, medan prestane ber fram brennoffer og måltidsoffer for han. Han skal bøya seg og tilbe på dørstokken i porten og så gå ut att. Men porten skal ikkje stengjast før om kvelden.

3. Folket i landet skal bøya seg og tilbe Herren ved inngangen til porten, både på sabbatsdagane og nymånedagane.

4. Brennofferet som fyrsten ber fram for Herren på sabbatsdagen, skal vera seks lytelause lam og ein lytelaus ver.

5. Og som grødeoffer skal han saman med veren gje ein efa og saman med lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa.

6. På nymånedagen skal han ofra ein lytelaus okse av storfeet, seks lam og ein ver som er utan lyte.

7. Som grødeoffer skal han saman med oksen gje ein efa, saman med veren ein efa og saman med lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa.

8. Når fyrsten kjem, skal han gå inn gjennom forhalla i porten, og same vegen skal han gå ut att.

9. Men når folket i landet stig fram og tilbed Herren på høgtidene, skal dei som kjem inn gjennom nordporten, gå ut gjennom porten i sør, og dei som kjem inn gjennom sørporten, skal gå ut gjennom porten i nord. Dei skal ikkje gå ut att gjennom same porten som dei kom inn gjennom, men gå ut på den andre sida.

10. Fyrsten skal koma inn saman med dei andre og gå ut saman med dei.

11. På festane og høgtidene skal han gje som grødeoffer ein efa saman med oksen, ein efa med veren og det han har for handa saman med lamma, og ein hin olje til kvar efa.

Esekiel 46