Esekiel 45:7-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. På begge sider av det stykket som høyrer heilagdomen til, og av det som byen eig, langsmed begge desse områda, skal fyrsten ha land, både vestover på vestsida og austover på austsida. Det skal vera så langt som ein av dei lutene ættene får, frå grensa i vest til grensa i aust.

8. Dette landet skal vera hans eigedom i Israel. Og då skal fyrstane aldri meir vera harde mot folket mitt, men overlata jorda til Israels-folket, ætt for ætt.

9. Så seier Herren Gud: No får det vera nok, de fyrstar i Israel! Hald opp med vald og herjing, og gjer rett og rettferd! Hald opp med å driva folket mitt frå gard og grunn, seier Herren Gud.

10. Bruk rett vekt og rett efa og bat!

11. Ein efa og ein bat skal vera like store, så både ein bat og ein efa er tiandeparten av ein homer. Målet skal retta seg etter homeren.

12. Ein sekel skal vera tjue gera. Fem sekel skal vera fem sekel, og ti sekel skal vera ti; og femti sekel skal de rekna for ei mine.

13. Så skal ho vera den offergåva de gjev: ein sjettedels efa av kvar homer kveite og ein sjettedels efa av kvar homer bygg.

14. Den faste avgifta av olje, som vert mælt i bat, skal vera ein tiandedels bat av kvar kor; det er ti bat i ein kor.

15. Av småfeet skal de gje eitt lam for kvar to hundre frå Israels beitemarker. Dei skal vera til offergåver, til brennoffer og måltidsoffer; med dei skal det gjerast soning for folket, seier Herren Gud.

16. Alt folket i landet skyldar å gje fyrsten i Israel ei slik offergåve.

Esekiel 45