13. Så skal ho vera den offergåva de gjev: ein sjettedels efa av kvar homer kveite og ein sjettedels efa av kvar homer bygg.
14. Den faste avgifta av olje, som vert mælt i bat, skal vera ein tiandedels bat av kvar kor; det er ti bat i ein kor.
15. Av småfeet skal de gje eitt lam for kvar to hundre frå Israels beitemarker. Dei skal vera til offergåver, til brennoffer og måltidsoffer; med dei skal det gjerast soning for folket, seier Herren Gud.
16. Alt folket i landet skyldar å gje fyrsten i Israel ei slik offergåve.
17. Men fyrsten har ansvar for brennoffer, grødeoffer og drikkoffer på festane, nymånedagane og sabbatane, på alle høgtidsdagane i Israel. Han skal syta for syndoffer, grødeoffer, brennoffer og måltidsoffer, så det kan gjerast soning for Israels-ætta.
18. Så seier Herren Gud: Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du ta ein lytelaus okse av storfeet og reinsa heilagdomen for synd.
19. Presten skal ta noko av blodet frå syndofferet og stryka det på dørstolpane i templet, på dei fire horna av altaravsatsen og på dørstolpane i porten til den indre føregarden.
20. Det same skal du gjera den sjuande dagen i månaden for dei som har synda av vanvare eller fordi dei ikkje visste betre. Såleis skal du gjera soning for templet.
21. Den fjortande dagen i den fyrste månaden skal de halda påskehelg. Då skal de eta usyrt brød i sju dagar.
22. Den dagen skal fyrsten ofra ein okse som syndoffer for seg sjølv og for alt folket i landet.
23. Dei sju dagane høgtida varer, skal han bera fram brennoffer for Herren, kvar dag sju lytelause oksar og verar, og som syndoffer ein bukk kvar dag.
24. Som grødeoffer skal han bera fram ein efa for kvar okse, ein efa for kvar ver og ein hin olje til kvar efa.
25. På høgtida, den femtande dagen i den sjuande månaden, skal han, liksom på dei andre sju dagane, bera fram syndoffer og brennoffer, grødeoffer og olje.