Esekiel 44:28-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Dette er den arven prestane skal ha: Eg er deira lut og del. De skal ikkje gje dei nokon eigedom i Israel. Eg er deira eigedom.

29. Dei kan eta av grødeofferet, syndofferet og skuldofferet; og alt som er bannlyst i Israel, skal høyra dei til.

30. Den beste fyrstegrøda av alt de dyrkar, og alle slag offergåver av alt de gjev, skal prestane ha. Det fyrste av brøddeigen skal de òg gje presten. Då skal det kvila velsigning over husa dykkar.

31. Men noko sjølvdaudt eller ihelrive av fugl eller fe må ikkje prestane eta.

Esekiel 44