1. Så førte mannen meg attende til den ytre porten i heilagdomen, den som vender mot aust. Han var stengd.
2. Herren sa til meg: Denne porten skal vera stengd og skal ikkje opnast. Ingen må koma inn gjennom han. Herren, Israels Gud, har gått inn gjennom porten; difor skal han vera stengd.
3. Men fyrsten kan – fordi han er fyrste – sitja der og halda måltid for Herrens åsyn. Han skal gå inn gjennom forhalla i porten, og same vegen skal han gå ut att.
4. Så førte han meg gjennom nordporten til plassen framfor templet. Og der fekk eg sjå at Herrens herlegdom fylte huset. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda.
5. Herren sa til meg: Menneske, no må du bruka augo og øyro og leggja merke til alt det eg seier deg om alle føreskriftene og lovene for Herrens hus. Legg nøye merke til inngangen i templet og alle utgangane frå heilagdomen!
6. Sei til dei trassige israelittane: Så seier Herren Gud: No får det vera nok med styggedomen dykkar, israelittar!
7. De lét framande som var uomskorne både på hjarta og lemer, koma inn i min heilagdom. Såleis vanhelga de huset mitt då de bar fram for meg mat, feitt og blod. De braut pakta med meg og gjorde mange andre stygge ting.
8. De sytte ikkje sjølve for tenesta i heilagdomen min, men sette andre til å ta seg av den heilage tenesta i staden for dykk.
9. Så seier Herren Gud: Ingen framand som er uomskoren på hjarta og lem, får koma inn i min heilagdom, ingen av dei framande som bur mellom israelittane.
10. Men dei levittane som gjekk bort frå meg saman med israelittane då dei villa seg bort frå meg og fylgde avgudane sine, dei må bøta for si misgjerning.