Esekiel 43:4-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Og Herrens herlegdom drog inn i templet gjennom den porten som vender mot aust.

5. Då lyfte ånda meg opp og førte meg til den indre føregarden. Og sjå, Herrens herlegdom fylte huset.

6. Då høyrde eg ein som tala til meg inne frå templet, medan mannen stod attmed meg.

7. Han sa til meg: Menneske, dette er staden for min kongsstol, staden der eg vil setja min fot; her vil eg bu mellom Israels-sønene til evig tid. Israelittane skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, korkje dei eller kongane deira, som dei gjorde det med si utukt og med lika av kongane sine når dei døydde.

8. Dei sette sin dørstokk attmed min og sin dørstolpe attmed min, så det berre var ein vegg mellom meg og dei. Dei gjorde mitt heilage namn ureint med all den styggedomen dei fór med. Difor tynte eg dei i min vreide.

9. Men no skal dei få bort frå meg både utukta og lika av kongane sine, og då vil eg bu imellom dei til evig tid.

10. Du menneske, tal til Israels-ætta om templet, kva mål det har og korleis det ser ut, så dei må skjemmast av si synd og skuld.

11. Og dersom dei skjemmest av alt det dei har gjort, skal du la dei få kjennskap til planen for templet og innreiinga, utgangane og inngangane der og alle lovene og føreskriftene for det. Skriv dei opp for augo deira, så dei kan ta vare på alle lovene og føreskriftene og leva etter dei.

12. Dette er føreskrifta om templet: Heile området ikring det på toppen av fjellet skal vera høgheilagt. Sjå, det er føreskrifta om templet.

13. Dette er måla på altaret, mælt med den alna som er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Fotstykket var ei alen høgt og ei alen breitt, og steinkanten ikring var eitt spann. Dette var underlaget under altaret.

14. Frå fotstykket på jorda opp til den nedste avsatsen var det to alner, og breidda var ei alen. Frå den vesle avsatsen opp til den store var det fire alner, og breidda var ei alen.

15. Offereldstaden var fire alner høg, og derifrå stakk dei fire altarhorna opp.

16. Eldstaden var firkanta, tolv alner lang og tolv alner brei.

17. Avsatsen òg var firkanta, fjorten alner lang og fjorten alner brei. Steinkanten kringom var ei halv alen, og fotstykket under var ei alen på alle kantar. Troppeoppgangen vende mot aust.

Esekiel 43