Esekiel 43:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så førte han meg til porten, den porten som vender mot aust.

2. Og sjå, der kom herlegdomen åt Israels Gud frå aust. Lyden av han var som duren av store vassmengder, og jorda lyste av herlegdomen hans.

3. Det synet eg såg, likna det synet eg hadde då han kom og ville øydeleggja byen, og det eg hadde attmed Kebar-elva. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda.

4. Og Herrens herlegdom drog inn i templet gjennom den porten som vender mot aust.

5. Då lyfte ånda meg opp og førte meg til den indre føregarden. Og sjå, Herrens herlegdom fylte huset.

Esekiel 43