4. Han mælte romet framfor halla, som var tjue alner langt og tjue alner breitt. Og han sa til meg: «Dette er Det høgheilage.»
5. Så mælte han tempelveggen, som var seks alner tjukk. Tilbygget med små rom som låg rundt heile templet, var fire alner breitt.
6. Det var i alt tretti siderom, det eine over det andre i tre høgder. I tempelveggen var det nokre framspring til støtte for bjelkane i sideroma ikring. Ingen bjelke gjekk inn i sjølve veggen.
7. Ein brei gang gjekk opp til sideroma. Rundt ikring templet, på alle kantar og heilt opp, var det rom. Difor hadde det ein brei gang som førte oppover, så ein kunne koma frå den nedste høgda til den øvste gjennom den mellomste.
8. Eg såg at rundt ikring templet låg bakken høgare; dette stykket var grunnvoll under sideroma og nådde ei heil mælestong, seks alner, ut til sida.
9. Ytreveggen i sideroma var fem alner tjukk. Mellom sideroma ved templet
10. og dei andre roma var det ein open plass, tjue alner brei; han gjekk rundt heile templet.
11. Sideroma hadde dører ut mot den opne plassen, ei dør mot nord og ei mot sør. Muren kring plassen var fem alner tjukk.
12. Bygningen som vende mot den avstengde plassen på vestsida, var sytti alner brei. Veggen i bygningen var fem alner tjukk heilt rundt og nitti alner lang.
13. Så mælte han templet; det var hundre alner langt. Den avstengde plassen med bygningen og murane i bygningen var òg hundre alner lang.
14. Framsida på templet og plassen, mot aust, var hundre alner brei.
15. Han mælte bygningen som låg ut mot den avstengde plassen, på baksida. Saman med gangvegane på begge sider var han hundre alner.Tempelhalla, det inste romet, og forhalla ut mot føregarden
16. var bordkledde. Gittervindaugo og murskråninga kring dei var bordkledde på tre kantar over murkransen. Og på veggene var det panel frå golvet opp til vindaugo
17. og over døropninga. Både inne i templet og utanfor, rundt ikring på alle veggene inne og ute, var det felt med
18. utskorne bilete av kjerubar og palmer, ei palme mellom to kjerubar. Kvar kjerub hadde to andlet.
19. Eit menneskeandlet var vendt mot palma på den eine sida og eit løveandlet mot palma på den andre sida. Slike bilete var det rundt ikring i heile templet.