2. Døropninga var ti alner brei, og veggene på begge sider var fem alner. Han mælte tempelhalla, som var førti alner lang og tjue alner brei.
3. Så gjekk han til det inste romet og mælte pilarane attmed døra; dei var to alner. Sjølve døra var seks alner og veggene på begge sider sju alner.
4. Han mælte romet framfor halla, som var tjue alner langt og tjue alner breitt. Og han sa til meg: «Dette er Det høgheilage.»
5. Så mælte han tempelveggen, som var seks alner tjukk. Tilbygget med små rom som låg rundt heile templet, var fire alner breitt.
6. Det var i alt tretti siderom, det eine over det andre i tre høgder. I tempelveggen var det nokre framspring til støtte for bjelkane i sideroma ikring. Ingen bjelke gjekk inn i sjølve veggen.
7. Ein brei gang gjekk opp til sideroma. Rundt ikring templet, på alle kantar og heilt opp, var det rom. Difor hadde det ein brei gang som førte oppover, så ein kunne koma frå den nedste høgda til den øvste gjennom den mellomste.