Esekiel 41:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Mannen førte meg inn i tempelhalla, og han mælte veggpilarane der; dei var seks alner tjukke på kvar kant.

2. Døropninga var ti alner brei, og veggene på begge sider var fem alner. Han mælte tempelhalla, som var førti alner lang og tjue alner brei.

3. Så gjekk han til det inste romet og mælte pilarane attmed døra; dei var to alner. Sjølve døra var seks alner og veggene på begge sider sju alner.

4. Han mælte romet framfor halla, som var tjue alner langt og tjue alner breitt. Og han sa til meg: «Dette er Det høgheilage.»

Esekiel 41