Esekiel 40:5-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Utanfor templet var det ein mur på alle kantar. Mannen hadde ei mælestong i handa; ho var seks alner lang, når kvar alen er ei handsbreidd lengre enn den vanlege. Han mælte byggverket, som var ei mælestong tjukt og ei mælestong høgt.

6. Så kom han til den porten som vender mot aust. Han gjekk opp troppestega i porten og mælte dørstokken der; han var ei mælestong brei. Det var den fyrste dørstokken.

7. Kvart siderom var ei mælestong langt og ei mælestong breitt, og mellom roma var det fem alner. Dørstokken til forhalla inst i porten var ei mælestong.

8. Han mælte sjølve forhalla i porten;

9. ho var åtte alner, og søylene der var to alner. Forhalla i porten vende inn mot templet.

10. Det var tre rom på kvar side av austporten, og alle hadde same mål. Pilarane på begge sider var òg like store.

11. Mannen mælte breidda på portopninga: ti alner, og breidda på sjølve porten: tretten alner.

12. Framfor sideroma var det eit rekkverk; kvart gitter mælte ei alen. Og sjølve sideroma var seks alner på kvar kant.

13. Så mælte han porten frå takkanten i det eine sideromet til takkanten i det andre; han var tjuefem alner brei. Opningane inn til sideroma låg midt for kvarandre. –

14. Han mælte forhalla; ho var tjue alner. Og rundt ikring forhalla var føregarden. –

15. Frå inngangen ytst i porten til framsida av forhalla inst i porten var det femti alner.

16. Inne i porten, i alle sideroma, var det vindaugo med gitter, som nådde bort til veggpilarane mellom dei. Like eins var det vindaugo på begge sider i forhalla. På pilarane var det palmer.

Esekiel 40