28. Så førte han meg til den indre føregarden gjennom porten i sør. Han mælte sørporten, og han var like stor som dei andre.
29. Sideroma, pilarane og forhalla der hadde same mål som dei andre. Både porten og forhalla i porten hadde vindaugo på begge sider. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei. –
30. Rundt ikring var det forhaller, tjuefem alner lange og fem alner breie. –
31. Forhalla vende ut mot den ytre føregarden. På pilarane var det palmer; og åtte troppesteg førte dit opp.
32. Så førte han meg til den indre føregarden gjennom porten i aust. Han mælte porten, og han hadde same mål som dei andre.
33. Sideroma, pilarane og forhalla der var like store som dei andre. Både porten og forhalla i porten hadde vindaugo på begge sider. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei.
34. Forhalla vende ut mot den ytre føregarden. På pilarane var det palmer, ei på kvar side; og åtte troppesteg førte dit opp.
35. Så førte han meg til porten i nord. Han mælte porten, og han var like stor som dei andre.
36. Like eins hadde sideroma, pilarane og forhalla dei same mål, og det var vindaugo på begge sider. Porten var femti alner lang og tjuefem alner brei.
37. Forhalla vende ut mot den ytre føregarden. På pilarane var det palmer, ei på kvar side; og åtte troppesteg førte dit opp.
38. Frå forhalla i porten var det inngang til eit rom der dei kunne skylja brennofferet.
39. Og i forhalla stod det to bord på kvar side. På dei skulle dei slakta brennofferet, syndofferet og skuldofferet.