Esekiel 40:20-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Han mælte lengda og breidda på den porten som vende mot nord i den ytre føregarden.

21. Sideroma, tre på kvar side, og pilarane og forhalla hadde dei same mål som i den fyrste porten. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei.

22. Vindaugo, forhalla og palmene der var like store som i porten mot aust. På sju troppesteg kom ein dit opp; og forhalla låg innanfor.

23. I den indre føregarden var det ein port midt for nordporten, som det var i aust òg. Frå port til port mælte han hundre alner.

24. Så førte mannen meg mot sør. Og sjå, der var det ein port som vende sørover. Han mælte pilarane og forhalla der òg; dei hadde same mål som dei andre.

25. Både porten og forhalla i porten hadde vindaugo på begge sider, og dei var som dei andre vindaugo. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei.

26. Sju troppesteg førte opp til porten, og forhalla låg innanfor. På pilarane var det palmer, ei på kvar side.

Esekiel 40