Esekiel 40:11-30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Mannen mælte breidda på portopninga: ti alner, og breidda på sjølve porten: tretten alner.

12. Framfor sideroma var det eit rekkverk; kvart gitter mælte ei alen. Og sjølve sideroma var seks alner på kvar kant.

13. Så mælte han porten frå takkanten i det eine sideromet til takkanten i det andre; han var tjuefem alner brei. Opningane inn til sideroma låg midt for kvarandre. –

14. Han mælte forhalla; ho var tjue alner. Og rundt ikring forhalla var føregarden. –

15. Frå inngangen ytst i porten til framsida av forhalla inst i porten var det femti alner.

16. Inne i porten, i alle sideroma, var det vindaugo med gitter, som nådde bort til veggpilarane mellom dei. Like eins var det vindaugo på begge sider i forhalla. På pilarane var det palmer.

17. Så førte han meg til den ytre føregarden. Sjå, det var fleire rom og eit steinlagt golv rundt ikring i føregarden; og på golvet var det tretti rom.

18. Steingolvet låg attmed portane og nådde like langt ut som dei. Det er det nedste steingolvet.

19. Han mælte føregarden mellom framsida av den nedre porten og framsida av den indre porten, den som vender utover, og det var hundre alner. Det var austporten, og så kjem nordporten.

20. Han mælte lengda og breidda på den porten som vende mot nord i den ytre føregarden.

21. Sideroma, tre på kvar side, og pilarane og forhalla hadde dei same mål som i den fyrste porten. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei.

22. Vindaugo, forhalla og palmene der var like store som i porten mot aust. På sju troppesteg kom ein dit opp; og forhalla låg innanfor.

23. I den indre føregarden var det ein port midt for nordporten, som det var i aust òg. Frå port til port mælte han hundre alner.

24. Så førte mannen meg mot sør. Og sjå, der var det ein port som vende sørover. Han mælte pilarane og forhalla der òg; dei hadde same mål som dei andre.

25. Både porten og forhalla i porten hadde vindaugo på begge sider, og dei var som dei andre vindaugo. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei.

26. Sju troppesteg førte opp til porten, og forhalla låg innanfor. På pilarane var det palmer, ei på kvar side.

27. I den indre føregarden var det ein port mot sør òg. Mannen mælte avstanden frå port til port, hundre alner.

28. Så førte han meg til den indre føregarden gjennom porten i sør. Han mælte sørporten, og han var like stor som dei andre.

29. Sideroma, pilarane og forhalla der hadde same mål som dei andre. Både porten og forhalla i porten hadde vindaugo på begge sider. Han var femti alner lang og tjuefem alner brei. –

30. Rundt ikring var det forhaller, tjuefem alner lange og fem alner breie. –

Esekiel 40