1. I det tjuefemte året etter at vi vart bortførte – det var det fjortande året etter at byen vart teken – ved nyårsleite, den tiande dagen i månaden, då kom Herrens hand over meg og førte meg bort
2. i syner frå Gud. Han tok meg med til Israel og sette meg ned på eit veldig høgt fjell. Der var det i sør liksom ein bygning i ein by.
3. Dit førte han meg.Sjå, der var det ein mann som var lik bronse å sjå til. Han stod i porten og hadde ei linsnor og ei mælestong i handa.