5. Like mange år som dei har synda, like mange dagar lèt eg deg få, tre hundre og nitti dagar. Så lenge skal du bera Israels skuld.
6. Når du er ferdig med desse dagane, skal du leggja deg att, no på høgre sida, og bera skulda åt Juda-folket. I førti dagar, éin dag for kvart år, lèt eg deg bera henne.
7. Vend andletet mot det kringsette Jerusalem! Med berr arm skal du tala profetord mot byen!
8. Sjå, eg bind deg med tog, så du ikkje kan snu deg frå den eine sida til den andre før du er ferdig med dei dagane du skal halda byen kringsett.
9. Ta så kveite og bygg, bauner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trog og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette.
10. Den maten du dagleg et, skal vega tjue sekel. Til faste tider skal du eta han.
11. Vatnet du drikk, skal mæla ein sjettedels hin. Til faste tider skal du drikka det.
12. Brødet skal du eta som byggkaker. Du skal steikja det beint framfor augo deira med turka menneskemøk til brensel.