Esekiel 39:14-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Dei skal velja ut nokre menn som støtt skal fara gjennom landet og sjå til at dei som ligg att på marka, vert gravlagde. Såleis skal dei reinsa landet. Når sju månader er lidne, skal dei sjå nøye etter.

15. Når dei fer gjennom landet og får auga på eit menneskebein, skal dei setja opp ein merkestein der. Så kan gravarane koma og gravleggja det i «Gog-flokkens dal».

16. Der er det òg ein by som heiter Hamona. – Såleis skal dei reinsa landet.

17. Du menneske, så seier Herren Gud: Sei til fuglane og alt som har venger, og til alle villdyra på marka: Kom saman, ja, kom saman frå alle kantar, til det offeret eg slaktar for dykk, eit stort offer på Israels-fjella. De skal få eta kjøt og drikka blod,

18. eta kjøtet av krigarar og drikka blodet av fyrstane på jorda. Dei er som verar og lam, bukkar og oksar; som gjøfe frå Basan er dei alle.

19. Et feitt til de vert mette, og drikk blod til de vert drukne, av slaktofferet som eg slaktar for dykk.

20. Ved mitt bord skal de verta mette av hestar og andre ridedyr, av krigarar og alle slag stridsmenn, lyder ordet frå Herren Gud.

21. Eg vil visa mi guddomsmakt mellom folkeslaga. Alle folk skal sjå den straffedomen eg fullfører, kjenna mi hand som eg har lagt på dei.

22. Då skal israelittane sanna at eg er Herren deira Gud, frå den dagen og i all framtid.

23. Og folka skal skjøna at israelittane vart bortførte fordi dei hadde synda. Fordi dei var trulause mot meg, løynde eg andletet for dei og gav dei i fiendehand, så dei alle fall for sverd.

24. På grunn av deira ureinskap og deira brot gjorde eg dette med dei; og eg løynde andletet for dei.

25. Difor seier Herren Gud: No vil eg venda Jakobs lagnad og visa miskunn mot heile Israels-ætta. Eg brenn av iver for mitt heilage namn.

26. Dei skal gløyma si vanære og all si truløyse mot meg, når dei bur trygt i landet sitt og ingen skræmer dei.

27. Når eg fører dei heim att frå folka og samlar dei frå fiendelanda, då vil eg midt imellom dei, for augo på mange folkeslag, visa kor heilag eg er.

28. Og dei skal sanna at eg er Herren deira Gud. Eg førte dei bort til andre folk, men samlar dei i deira eige land og lèt ikkje ein einaste av dei vera att der ute.

29. Så vil eg ikkje meir løyna andletet for dei; for eg har rent ut min Ande over Israels-ætta, lyder ordet frå Herren Gud.

Esekiel 39