1. Du menneske, tal profetord mot Gog og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, du storfyrste over Mesjek og Tubal.
2. Eg fører deg ikring og driv deg av stad. Eg hentar deg frå landet lengst i nord og leier deg mot Israels-fjella.
3. Der slår eg bogen ut or venstre handa di og lèt pilene detta ut or den høgre.