11. og seia: «Eg vil fara opp mot eit land med opne byar, gå mot fredelege folk som bur trygt. Dei bur alle på stader som er utan murar og korkje har bommar eller portar.
12. Eg vil rana og røva og ta hærfang og venda handa mot det som er reist av røys, mot eit folk som er samla frå andre folkeslag. No samlar dei seg fe og gods, der dei bur ved heimsens navle.»
13. Folk frå Saba og Dedan, kjøpmenn frå Tarsis og alle dei mektige der skal seia til deg: «Kjem du no og vil rana og røva? Har du samla alt ditt mannskap for å ta hærfang, for å føra bort sølv og gull, ta fe og gods og få med deg eit veldig bytte?»
14. Difor skal du tala profetord, menneske, og seia til Gog: Så seier Herren Gud: På den tid, når Israel, folket mitt, bur trygt, vil du ikkje då ta ut
15. og koma frå landet ditt lengst i nord, du og mange folk med deg, alle til hest, ein stor flokk og ein veldig hær?
16. Du dreg opp mot Israel, folket mitt, lik ei sky som ligg over landet. Det skal henda i dei siste dagar, då fører eg deg mot landet mitt, så folkeslaga skal læra meg å kjenna, når eg på deg, Gog, midt framfor augo deira, viser kor heilag eg er.
17. Så seier Herren Gud: Var det ikkje deg eg tala om i gamle dagar gjennom tenarane mine, profetane i Israel? Dei tala den gongen om at eg skulle føra deg mot Israel.
18. Men når den tid kjem, når Gog går mot Israels-landet, då skal harmen stiga opp i meg, lyder ordet frå Herren Gud.
19. I min brennande iver og glødande harme seier eg: Den dagen skal det koma eit sterkt jordskjelv over Israels-landet.
20. Då skal alle skjelva for meg: fiskane i havet, fuglane under himmelen og dyra på marka, alt krypet som det kryr av på bakken, og kvart menneske som bur på jorda. Fjella skal styrta saman, bergveggene skal rasa ned og alle murane jamnast med jorda.
21. Då kallar eg sverd imot han på alle mine fjell, seier Herren Gud. Den eine skal venda sverdet mot den andre.
22. Eg straffar han med pest og blodsutrenning. Eg sender høljande regn og haglsteinar og lèt det regna eld og svovel over han og fylkingane hans og over alle folka som er med han.
23. Såleis viser eg mitt velde og mi guddomsmakt og gjev meg til kjenne for augo på mange folkeslag. Då skal dei sanna at eg er Herren.