1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2. Menneske, vend deg mot Gog i Magog-landet, storfyrsten over Mesjek og Tubal. Tal profetord mot han
3. og sei:Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Gog, storfyrste over Mesjek og Tubal.
4. Eg fører deg ikring og set krokar i kjakane dine. Så lèt eg deg dra ut med heile din hær, med hestar og ryttarar, fint kledde alle i hop, ein veldig flokk med store og små skjold, og alle væpna med sverd.
5. Folk frå Persia, Nubia og Put er med dei; alle saman har skjold og hjelm.
6. Gomer og alle hans fylkingar, Togarma-folket lengst i nord og alle deira fylkingar, mange folk er med deg.
7. Bu deg og gjer deg klar, du og alle dine skarar som er samla hjå deg. Du skal vakta dei.
8. Når lang tid har gått, skal du kallast til teneste. Og når åra er ute, skal du koma til eit land som er bygt opp att etter krig og herjing, og der folket er samla frå mange folk på Israels-fjella, som lenge låg aude. Dei vart henta heim frå folka, og no bur dei alle trygt.
9. Dit opp skal du fara. Du skal koma som eit uver og dekkja landet som ei sky, du og alle fylkingane dine og mange folk med deg.
10. Så seier Herren Gud: Den dagen skal tankar koma opp i deg; du skal leggja vonde planar
11. og seia: «Eg vil fara opp mot eit land med opne byar, gå mot fredelege folk som bur trygt. Dei bur alle på stader som er utan murar og korkje har bommar eller portar.
12. Eg vil rana og røva og ta hærfang og venda handa mot det som er reist av røys, mot eit folk som er samla frå andre folkeslag. No samlar dei seg fe og gods, der dei bur ved heimsens navle.»
13. Folk frå Saba og Dedan, kjøpmenn frå Tarsis og alle dei mektige der skal seia til deg: «Kjem du no og vil rana og røva? Har du samla alt ditt mannskap for å ta hærfang, for å føra bort sølv og gull, ta fe og gods og få med deg eit veldig bytte?»