Esekiel 37:9-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.»

10. Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær.

11. Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!»

12. Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet.

13. De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei.

14. Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.

15. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

16. Du menneske, ta deg ein stav og skriv på han: «For Juda og brørne hans mellom israelittane.» Ta så ein annan stav og skriv på han – på Efraims stav: «For Josef og alle brørne hans mellom israelittane.»

17. Set dei saman, så dei vert til éin stav i handa di.

Esekiel 37