2. Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre.
3. Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.»
4. Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord!
5. Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att.
6. Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.»
7. Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein.
8. Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei.
9. Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.»
10. Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær.
11. Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!»
12. Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet.
13. De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei.
14. Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.