Esekiel 37:13-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei.

14. Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.

15. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

16. Du menneske, ta deg ein stav og skriv på han: «For Juda og brørne hans mellom israelittane.» Ta så ein annan stav og skriv på han – på Efraims stav: «For Josef og alle brørne hans mellom israelittane.»

17. Set dei saman, så dei vert til éin stav i handa di.

18. Når så landsmennene dine spør: «Vil du ikkje la oss få vita kva du meiner med dette?»

19. då skal du svara: Så seier Herren Gud: Sjå, eg tek Josefs stav, som er i Efraims hand, og brørne hans, Israels-ættene, og set han saman med Judas stav. Så gjer eg dei til éin stav; dei vert til eitt i handa mi.

20. Stavane som du skriv på, skal du halda i handa framfor augo på dei.

21. Og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg hentar israelittane frå dei folkeslaga som dei fór bort til. Eg samlar dei frå alle kantar og fører dei til deira eige land.

22. Så gjer eg dei til eitt folk i landet, på Israels-fjella. Alle skal dei ha ein og same kongen. Dei skal ikkje lenger vera to folk og ikkje meir vera delte i to kongerike.

Esekiel 37