26. Og eg vil gje dykk eit nytt hjarta og la dykk få ei ny ånd inni dykk. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen dykkar og gje dykk eit kjøthjarta i staden.
27. Min Ande vil eg gje inni dykk, og eg vil laga det så at de fylgjer mine føreskrifter og tek vare på mine lover, så de lever etter dei.
28. Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud.
29. Eg friar dykk for all dykkar ureinskap. Så kallar eg fram kornet og gjer grøda stor; eg lèt ikkje hungersnaud koma over dykk.
30. Eg gjev mykje frukt på trea og stor avling på marka. Så skal de ikkje meir møta spott mellom folka fordi de svelt.
31. Då skal de tenkja på dykkar vonde ferd, på alt de gjorde som ikkje var godt. De skal kjenna avsky for dykk sjølve, fordi de synda og gjorde så mykje stygt.
32. Det er ikkje for dykkar skuld eg grip inn, det skal de vita, seier Herren Gud. De må blygjast og skjemmast av åtferda dykkar, de israelittar.
33. Så seier Herren Gud: Den dagen eg reinsar dykk for alle syndene dykkar, lèt eg dykk bu i byane, og det som ligg i røys, skal byggjast opp att.
34. Jord som har lege brakk, skal dyrkast og ikkje sjå ut som ei audn for alle som fer framom.
35. Då skal dei seia: Den jorda der som låg aud, har vorte som hagen i Eden. Og byane som var herja, øydelagde og nedrivne, ligg der no som faste borger.
36. Dei folka som enno er att rundt ikring dykk, skal sanna at eg, Herren, har bygt opp det som var nedrive, og planta der jorda låg brakk. Eg, Herren, har tala og vil gjera det.
37. Så seier Herren Gud: Endå ei bøn vil eg høyra og oppfylla for Israels-ætta: Eg gjer folket talrikt som ein saueflokk.
38. Som flokken av offerdyr, som sauene i Jerusalem på høgtidsdagane, så skal ei mengd med menneske fylla dei byane som låg i røys. Og dei skal sanna at eg er Herren.