Esekiel 36:21-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Det gjorde meg vondt for mitt heilage namn, som israelittane hadde vanæra mellom folkeslaga dei kom til.

22. Difor skal du seia til israelittane: Så seier Herren Gud: Når eg grip inn, de israelittar, gjer eg det ikkje for dykkar skuld, men for mitt heilage namn skuld, som de har vanæra mellom dei folka de kom til.

23. Eg vil helga mitt store namn, som har vorte vanæra mellom folka, ja, som de vanæra mellom dei. Folkeslaga skal sanna at eg er Herren, seier Herren Gud, når eg midt imellom dykk, beint framfor augo deira, viser kor heilag eg er.

24. Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land.

25. Og eg skvetter reint vatn på dykk, så de vert reine. For all ureinskapen som kjem frå dei mange avgudane, vil eg reinsa dykk.

26. Og eg vil gje dykk eit nytt hjarta og la dykk få ei ny ånd inni dykk. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen dykkar og gje dykk eit kjøthjarta i staden.

27. Min Ande vil eg gje inni dykk, og eg vil laga det så at de fylgjer mine føreskrifter og tek vare på mine lover, så de lever etter dei.

28. Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar. De skal vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud.

29. Eg friar dykk for all dykkar ureinskap. Så kallar eg fram kornet og gjer grøda stor; eg lèt ikkje hungersnaud koma over dykk.

30. Eg gjev mykje frukt på trea og stor avling på marka. Så skal de ikkje meir møta spott mellom folka fordi de svelt.

31. Då skal de tenkja på dykkar vonde ferd, på alt de gjorde som ikkje var godt. De skal kjenna avsky for dykk sjølve, fordi de synda og gjorde så mykje stygt.

32. Det er ikkje for dykkar skuld eg grip inn, det skal de vita, seier Herren Gud. De må blygjast og skjemmast av åtferda dykkar, de israelittar.

Esekiel 36