Esekiel 36:14-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Difor seier Herren Gud: Du skal ikkje eta menneske meir og ikkje ta borna frå folket ditt.

15. Eg lèt deg ikkje lenger høyra spottord frå andre folkeslag, og du skal ikkje måtta tola at folk hånar deg, når du ikkje meir tek borna frå folket ditt, lyder ordet frå Herren Gud.

16. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

17. Menneske, då israelittane budde i landet sitt, gjorde dei det ureint med sitt liv og sine gjerningar. Deira åtferd var for meg som ureinskapen hjå kvinna når ho har sine tider.

18. Så lét eg harmen min gå ut over dei fordi dei rende ut blod i landet og gjorde det ureint med avgudane sine.

19. Eg spreidde dei mellom folkeslaga; dei vart strøydde ut i landa. Eg dømde dei etter deira liv og gjerningar.

20. Men kva folk dei så kom til, vanæra dei mitt heilage namn. For det vart sagt om dei: «Dette er Herrens folk, og likevel laut dei fara ut or landet hans.»

21. Det gjorde meg vondt for mitt heilage namn, som israelittane hadde vanæra mellom folkeslaga dei kom til.

22. Difor skal du seia til israelittane: Så seier Herren Gud: Når eg grip inn, de israelittar, gjer eg det ikkje for dykkar skuld, men for mitt heilage namn skuld, som de har vanæra mellom dei folka de kom til.

23. Eg vil helga mitt store namn, som har vorte vanæra mellom folka, ja, som de vanæra mellom dei. Folkeslaga skal sanna at eg er Herren, seier Herren Gud, når eg midt imellom dykk, beint framfor augo deira, viser kor heilag eg er.

24. Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land.

Esekiel 36