Esekiel 34:4-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. De har ikkje styrkt dei veike, ikkje lækt dei sjuke og ikkje bunde om dei skadde. Dei som er drivne frå kvarandre, har de ikkje samla, dei bortkomne har de ikkje leita opp, og dei sterke har de kua med vald og makt.

5. Så vart sauene mine spreidde, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding; dei vart til føde for alle slag villdyr.

6. Då flokken min vart spreidd, villa han seg bort på alle fjell og høge haugar. Ut over heile landet vart sauene spreidde, og det er ingen som spør eller leitar etter dei.

7. Difor, hyrdingar, høyr Herrens ord!

8. Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sauene mine er sanneleg røva og har vorte til føde for alle slag villdyr, fordi dei ikkje hadde nokon hyrding. Hyrdingane mine spurde ikkje etter sauene. Dei sytte for seg sjølve og gjætte ikkje sauene mine.

9. Difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord!

10. Så seier Herren Gud: Eg kjem over hyrdingane og krev dei til rekneskap for sauene mine. Eg set dei av som hyrdingar. Dei skal ikkje lenger syta for seg sjølve. Eg vil berga sauene ut or gapet deira; dei skal ikkje ha dei til føde.

11. Så seier Herren Gud: Eg vil sjølv leita etter sauene mine og ha tilsyn med dei.

12. Liksom ein gjætar er mellom sauene og tek seg av dei den dagen dei vert spreidde, så vil eg ta meg av sauene mine og berga dei heim frå alle stadene dei kom til den mørke og skytunge dagen då dei vart spreidde.

13. Eg vil henta dei frå folka, samla dei frå landa og føra dei til deira eige land. Så skal eg gjæta dei på Israels-fjella, i dalane og kvar dei elles bur i landet.

14. På gode beitemarker vil eg gjæta dei; på Israels høge fjell skal dei ha sin hamnegang. Der oppe på Israels fjell skal dei roa seg på grøne vollar og gå på feite beite.

15. Sjølv vil eg gjæta sauene mine og la dei få roa seg, seier Herren Gud.

Esekiel 34