Esekiel 32:23-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. og fekk sine graver inst i hola.Fylkinga ligg der ¬rundt ikring hans grav.Alle vart drepne, ¬dei fall for sverd,dei som spreidde redsle ¬ikring segmedan dei levde.

24. Der er Elam og heile hans hoprundt ikring hans grav.Alle vart drepne, ¬dei fall for sverd;uomskorne fór deitil landet djupt der nede,dei som spreidde redsle ¬ikring segmedan dei levde.No må dei bera si vanæresaman med dei ¬som gjekk i grav.

25. – Midt imellom drepne ¬fekk han si legeog heile hopen rundt ¬hans grav.Alle er uomskorne;dei vart drepne med sverd,for det fylgde redsle med deimedan dei levde.No må dei bera si vanæresaman med dei ¬som gjekk i grav.Midt imellom drepne ¬vart dei lagde. –

26. Der er Mesjek og Tubal ¬med heile deira hoprundt ikring hans grav.Alle er uomskorne;dei vart drepne med sverd,for det fylgde redsle med deimedan dei levde.

27. Dei ligg ikkje mellom kjempenesom fall i gamle dagarog fór ned til dødsriketmed sine krigsvåpen.Deira sverd vart lagde ¬under hovudet på dei.Deira synd og skuldlåg tungt på deira bein.For det fylgde redsle ¬med kjempenemedan dei levde.

28. Du òg skal verta knust ¬mellom uomskorneog liggja hjå dei ¬som er drepne med sverd.

Esekiel 32