Esekiel 32:17-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. I det tolvte året, den femtande dagen i månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

18. Menneske, syng ein klagesong over hopen i Egypt! Lat dei fara ned, og kvinner frå andre folkeslag saman med dei!Mektige menn må faratil landet djupt der nede,saman med dei som går i grav.

19. Kanskje du er betre enn andre?Stig ned og legg deg ¬hjå uomskorne!

20. Egyptarane skal fallamellom menn ¬som vert drepne med sverd.Sverdet er drege og lyftmot landet og heile hopen der.

21. Nede frå dødsriket ¬skal sterke kjemperseia om farao ¬og hans hjelpesmenn:«No har dei fare ned og lagt segmellom uomskorne, ¬drepne med sverd.»

22. Der er Assur ¬og heile hans fylkingrundt ikring hans grav.Alle vart drepne, ¬dei fall for sverd

23. og fekk sine graver inst i hola.Fylkinga ligg der ¬rundt ikring hans grav.Alle vart drepne, ¬dei fall for sverd,dei som spreidde redsle ¬ikring segmedan dei levde.

24. Der er Elam og heile hans hoprundt ikring hans grav.Alle vart drepne, ¬dei fall for sverd;uomskorne fór deitil landet djupt der nede,dei som spreidde redsle ¬ikring segmedan dei levde.No må dei bera si vanæresaman med dei ¬som gjekk i grav.

Esekiel 32