10. Eg lèt mange folk ¬verta skræmde over deg,kongane deira skal fælanår eg svingar sverdet ¬framfor dei.Kvar augneblink ¬skal dei skjelvafor sitt liv den dagen du fell.
11. Ja, så seier Herren Gud:Babylonarkongens sverd ¬skal koma over deg.
12. Din hop lèt eg falla ¬for kjempers sverd,alle er dei hardare ¬enn andre folk.Dei herjar det egyptarane ¬er stolte av,heile hopen vert utrudd.
13. Alt feet der gjer eg ende på,det vert borte ¬frå dei store vassdrag,som ikkje lenger ¬skal grumsast tilav menneskefot ¬eller dyreklauver.
14. Så gjer eg vatnet klårt og reint,og elvane lèt eg renna som olje,lyder ordet frå Herren Gud.
15. Når eg gjer Egypt ¬til ei øydemark,så landet ligg audt og tomt,når eg slår ned alle ¬som bur der,då skal dei sanna ¬at eg er Herren.
16. Dette er ein klagesong, og som ein klagesong skal han syngjast. Kvinnene rundt i landa skal syngja han. Om Egypt og heile hopen der skal klagesongen lyda, seier Herren Gud.
17. I det tolvte året, den femtande dagen i månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
18. Menneske, syng ein klagesong over hopen i Egypt! Lat dei fara ned, og kvinner frå andre folkeslag saman med dei!Mektige menn må faratil landet djupt der nede,saman med dei som går i grav.