Esekiel 32:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det tolvte året, den fyrste dagen i den tolvte månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

2. Menneske, set i med ein klagesong over farao, kongen i Egypt, og sei til han: Tagal har du vorte, ¬du løve mellom folka.Du var som eit sjøuhyre ¬i havet,frøsande fór du i elvane dine.Du grumsa til vatnet ¬med føteneog rota opp gjørme i elvane.

3. Så seier Herren Gud:No breier eg garnet mitt ¬over degmedan mange folk er samla,og dei skal dra deg opp ¬med nota.

4. Eg slengjer deg opp på landog kastar deg ut over marka.Eg lèt alle slag fuglar ¬slå seg ned på deg,alle dyr på jorda ¬metta seg av deg.

5. Eg legg kjøtet ditt på fjellaog fyller dalane ¬med kroppen din.

6. Så vatnar eg jorda ¬med væska frå deg,med blodet som renn på fjella,og fyller bekkefara.

Esekiel 32