12. Framande folkeslag, som ikkje tok omsyn, hogg han ned og slengde han bortover fjella. Greinene datt ned i alle dalar, og lauvverket vart rive sund i alle bekkefar i landet. Alle folk på jorda gjekk ut or skuggen hans og lét han liggja.
13. På den falne stomnen slo alle fuglar under himmelen seg ned, og til lauvverket kom alle dyr på marka.
14. Difor skal ikkje noko tre som står attmed vatn, veksa for høgt og tøya krona si opp mellom skyene. Og dei sterkaste av dei, dei som syg til seg vatn, skal ikkje stå der så stolte. For dei er alle gjevne døden i vald og må fara til landet der nede, til menneske som har gått i grav.